Publisert: 20.09.2009
Follo snudde ein jamn kamp mot Hødd, som også spelar i 2. divisjon neste år.
– Det er litt trist, sidan vi hadde dei på gaffelen i dag. Men vi får berre gratulere Follo. Dei har mange rutinerte spelarar som har vore i krigen før. Enkelte av dei har også spelt i eliteserien. Follo er rett og slett eit klasselag. Dei fortener å rykke opp, roste Hødd-trenar Lars Arne Nilsen etter kampslutt.
- Personlege feil
Hødd kunne ha blanda seg inn i opprykkskampen med siger mot Follo. Men sjølv om det såg bra ut lenge, så viste Follo styrke etter pause og drog sigeren i land.
- Vi spelte godt før pause. Vi klinka til og kjempa godt. Personlege feil i 2. omgang øydelegg. Vi gjorde ein del ting vi rett og slett ikkje kan gjere, meiner Nilsen.
Les mer om kampen i smp.no